torgplass

18.-20. August 2017

 

Vik - Største bringebærkommunen i landet!

Det blir høve for næringsdrivande og andre å leiga utstillingsplass i løpet av Norsk Bringebærfestival, primært på gamle torget nedanfor Holen Installasjon.

Prioritering av utstillarar:

Festivalen vil prioritere utstillarar innanfor kategoriane:

Kortreist mat

Kunst, handverk og tradisjon

Lokal tilknyting, dvs. Vik kommune og nabokommunar

Organisator av utstillarane vil og ta ei aktiv rolle og invitere inn aktuelle utstillarar som ein meinar høver.

Vidare vil ein og i mykje større grad avgrense utstillarar som ikkje sorterar under dei prioriterte kategoriane. Vi håpar alle har forståing for det.

Påmelding & kontaktperson:

Prisar:

Sjå registreringsskjema.

Betaling vil bli fakturert i forkant av arrangementet.

Vi har nokre boder/telt og bord, men oppmodar kvar utstillar å ta med seg det dei treng av bord, stolar og eventuelt telt.

Straum:

Det blir i utgangspunktet ikkje lagt fram straum til utstillingsområdet.

Ved behov for straum, kryss av for det på registreringsskjemaet.

 

Generell info:

Bruk av open eld forbode

Vis varsemd med sigarettar o.l.

Forurein ikkje natur, ver vennleg og bruk utsette avfallsdunkar

Sel du noko som vil generer søppel (emballasje, papirkoppar, serviettar osv. så set opp avfallsdunk på standen din)

Sal av produkt som forureinar miljøet er forbode

Lykke til med utstillinga under festivalen.

Helsing Norsk Bringebærfestival